Rystet over feilmedisinering

Kjersti Toppe (Sp) uttaler at hun er særlig rystet over feilmedisinering av utviklingshemmede. Hun krever også at boligsituasjonen må følges tett, for å hindre tendenser til reversering.

«Reformen i helsevesenet for psykisk utviklingshemma, også kalt HVPU-reformen eller Ansvarsreformen blei vedteken i 1991, og ein samla komité understrekar i dag at måla for reformen ligg fast. Utviklingshemma skal så langt det er mogleg ha rett til same levekår og valfridom som andre. Vi understrekar at menneske med utviklingshemming har rett til å leva aktive og sjølvstendige liv, og at det ligg forpliktingar med reformen. Tverrpolitisk peiker vi på at levekår for utviklingshemma må bli betre i mange kommunar.

I mange kommunar har vi sett at det er ein tendens til at det blir bygt stadig større omsorgssentre. Derfor må boligsituasjonen følgjast tett for å hindra tendensar til reversering av reformen. Vi viser i innstillinga til det som var retningslinja og minimumskrav for Husbankens vurderingar av bustader for menneske med psykisk utviklingshemming då reformen blei innførd. Eit anna viktig område er kvalitet og kompetanse i tenestene. Særleg graverande er historier om menneske med psykisk utviklingshemming som har blitt utsette for feil medisinering – overmedisinering – som tilsynelatande ikkje har vore til brukaranes beste.

Kunnskap om og kontroll av medikamentbruk for menneske med psykisk utviklingshemming og slik sikra rett medikamentbruk må vera eit heilt sentralt satsingsområde i åra framover.

Likeeins er det bekymringsfullt at Statens helsetilsyn har avdekt utstrakt bruk av ulovleg tvang og makt. Manglande aktivitetstilbod og manglande helsetilbod for menneske med psykisk utviklingshemming er også ein realitet mange stader.

Eg er veldig glad for at ein samla komité no meiner det er av vesentleg betydning at det blir sett i verk tiltak som sikrar at ansvarsreformas intensjonar blir følgde opp. Både Statens råd for likestilling av funksjonshemmede og Norsk Forbund for Utviklingshemmede har støtta nedsetjing av eit nytt offentleg utval som skal gjennomgå livssituasjonen, levekåra og tenesta til utviklingshemma.

Komiteen støttar altså intensjonen bak og at det må gjennomførast ei heilskapleg utgreiing som vurderer resultata av levekårssituasjonen for brukarar og pårørande. Målet må vera å komma fram til tiltak som betrar situasjonen og levekåra for denne gruppa.

Senterpartiet er altså glad for å vera med på den tverrpolitiske samlinga som har vore i denne saka. Stor takk til forslagsstillarane og, ikkje minst, til saksordførar Tore Hagebakken.»

 

Kjersti Toppes innlegg i Stortingsdebatt 6. desember 2011

Om Kjersti Toppe